Wladimir Köppen
Wladimir Köppen | |||
| |||
Fødd | russisk Владимир Петрович Кёппен 25. september 1846 St. Petersburg | ||
---|---|---|---|
Død | 22. juni 1940 Graz | ||
Nasjonalitet | Det russiske imperiet, Det tyske keisardømet | ||
Område | geografi, meteorologi, klimatologi | ||
Yrke | geograf, esperantist, geoviter, meteorolog, botanikar, klimaforsker | ||
Institusjonar | Deutsche Seewarte A.I. Vojejkov geofysisk hovedobservatorium | ||
Alma mater | Statsuniversitetet i St. Petersburg Universitetet i Leipzig Universitetet i Heidelberg | ||
Barn | Else Köppen | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det prøyssiske vitskapsakademiet Russian Geographical Society |
Wladimir Peter Köppen (25. september 1846–22. juni 1940) var ein russiskfødd geograf, meteorolog, klimatolog og botanikar. Etter studiane sine i St. Petersburg, der han vart fødd, studerte han i Heidelberg og Leipzig, og levde og arbeida det meste av livet sitt i Tyskland og Austerrike. Det viktigaste arbeidet han gjorde var å utvikle klassifiseringsystemet for klima, som framleis vert nytta i dag, med visse omformingar.
Frå 1879 var han leiar av den meteorologiske avdelinga ved Deutsche Seewarte i Hamburg.
I tillegg til klassifiseringssystemet konstruerte han mellom anna drakar til å utføre meteorologiske observasjonar i høge luftlag, noko som fekk tyding for utviklinga av aerologien. Vidare utarbeidde han vindkart for verdshav, som i tillegg til at dei var viktige for skipsfarten, var viktige bidrag til forståinga av den atmosfæriske sirkulasjonen. Köppen var ei drivande kraft i arbeidet med å legge grunnlaget for den meteorologiske sikringstenesta for luftfarten over hava.
Av utgjevingar innan klimaarbeida hans finn ein Klassifikation der Klimate der Erde (1923), Die Klimate der geologischen Vorzeit (1924), saman med A. Wegener Grundriss der Klimakunde (1931) og i saman med R. Geiger Handbuch der Klimatologie i fem bind (1930).
Köppen nedla òg eit stort arbeid for utbygging av eit internasjonalt meteorologisk samarbeid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Wladimir_Köppen» av Petter Dannevig / Redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Wladimir Köppen» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Allaby, Michael (2002). Encyclopedia of Weather and Climate. New York: Facts On File, Inc. ISBN 0-8160-4071-0.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: